Ord for dagen 11.03.2021 sokneprest Eli Vatn

Kva er det med bål og to eller fleire vedskier?

Utsnitt av Saskia Aleida Van Veen sitt foto av altertavla i Hegge.

Vi veit at to eller fleire vedskier er nødvendig for at bålet skal brenne! Det må vera noko med mellomrommet, energien som får strømme mellom dei to eller fleire og som gjer at ein trekker inn til bålet, let seg varme av elden, kan fortape seg i flammane og kjenne at her kan ein sitje i evigheit.

Det er noko med mellomrommet der to eller tre samlast, der ein ide, ein tanke blir delt, der andre grip han, kan hende tek han eit steg vidare, blir meir konkret, ser nye moglegheiter for realisering. Som ein glødande flamme, kinna vert raude, ein vert aktivisert – gløder. Store ting kan skje rundt dei, dei kan sjølve kjenne at dei lever! Det er ikkje småtteri det som skjer då. Der to eller tre er samla i mitt namn er eg midt mellom dei sa Jesus. Ja slik viser han seg….

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"